lørdag 2. august 2008

Kor glad er du i sykkelen din?

Eg mista sykkelen min.
Den vart stjelt.
Mens eg var på jobb vart den rappa frå meg på umenneskeleg vis, og eg tenkte sjølvsagt at eg skulle låst den då eg sette den frå meg. Men eg hadde ikkje lås på. Men på Sandane treng ein ikkje låse sykkelen sin. Ikkje om den ikkje står på ein bakketopp. Min stod ikkje på ein bakketopp.
Men den vart stjelt, og eg savna den. Då eg ikkje låste den tenkte eg at det ikkje var så farleg for det var berre ein stygg sykkel uansett. Forresten har eg nett fått luft i dekka for den har vert tom for luft i eit år no på grunn av at eg ikkje har brukt den på lenge.
Men då eg mista den savna eg han djupt og kom på kor sant det er at du ikkje veit kva du har før du mistar det.
Heldgvis var det berre pappa som hadde stjelt den. Og han hadde sagt ifrå, men det visste eg ikkje.
Så no har eg sykkelen min likevel.
Fjo

Ingen kommentarer: