lørdag 2. august 2008

Sånn er det i Balestrand



No har eg endelig vert i Balestrand hos to fantastiske personar, ilag med endå fleir fantastiske personar. Og det var så vent og fagert.
Tenk å få så god mat.
Tenk å blande blankt med blankt og få kvitt.
Tenk å få ekstrapoeng for å knipse i frys når ein spelar volleyball.
Tenk å bade i pisslunka vatn når det startar å lysne.
Tenk å sove på ein veranda og vakne til lyden av heilt musestille regn.
Sånn er det i Balestrad, og sjå kor fine dei er..

Kor glad er du i sykkelen din?

Eg mista sykkelen min.
Den vart stjelt.
Mens eg var på jobb vart den rappa frå meg på umenneskeleg vis, og eg tenkte sjølvsagt at eg skulle låst den då eg sette den frå meg. Men eg hadde ikkje lås på. Men på Sandane treng ein ikkje låse sykkelen sin. Ikkje om den ikkje står på ein bakketopp. Min stod ikkje på ein bakketopp.
Men den vart stjelt, og eg savna den. Då eg ikkje låste den tenkte eg at det ikkje var så farleg for det var berre ein stygg sykkel uansett. Forresten har eg nett fått luft i dekka for den har vert tom for luft i eit år no på grunn av at eg ikkje har brukt den på lenge.
Men då eg mista den savna eg han djupt og kom på kor sant det er at du ikkje veit kva du har før du mistar det.
Heldgvis var det berre pappa som hadde stjelt den. Og han hadde sagt ifrå, men det visste eg ikkje.
Så no har eg sykkelen min likevel.
Fjo

onsdag 30. juli 2008

Ikkje

..syng med på musikal på kino
..ver 30 år og snakk til venninda di på mobil som om ho var ei lita jente/datter
..snork som om du var en moped
..ta kleda mine

mandag 21. juli 2008

Om pipling

"Trompetaren som piplar gjennom lauvet"
-popsongar-

lørdag 12. juli 2008

Spene meg her og der

Ja no er livet komt tilbake i sin vante gang etter ei fantasisk reise i tid og rom som brått tok slutt...ja, nemlig roskilde! Og sida eg ikkje veit verken kor eg skal begynde eller kor eg skal stoppe tar eg det eg det eg rakk å skrive ned i den fine notatboka mi medan eg fortsatt hadde tid til det:

ALTSÅ ROSKILDE

-nattbuss
-4 t. morgencafe med ida og ingeborg
-Janne+egg og kaviar
-Danskebåten+solnedgang & spener
-feil buss= lang gåtur m. sekk og magelomme -klamt
-København= frukostbuffet lenge gågågå billig butikk og CHRISTIANIA!
Togstasjonen m. mat og spener.
-På togstasjonen i København- Ragnhild med fiskesølvbriller og fullikmann "she looks like a queen and walks like a ladie"
ROSKILDE FESTIVAL
2 t. gange etter jødetur
med godt humør og smilet på lur
og kjempeplass pga Geir
prikkete skjørt
sneil
rogn guf
øl regnbuesprit
discokule antibac og babyvipes
skyggeteaterkonsert
perler på snor
klokke=praktisk
SOL!
tisselukt
Hasselhof
sirkusfest
hengekøye
bruktbutikk
roskildeby m. såpeboble
primussuppe
kø! 4 1/2 t.
ei lanterne i det fjerne
spene meg her og der
"jeg har fanget meg en mygg"
kyllingbrett av roskildeeavis
hjertesolbrille
100 dimser i en boks= rytmeinstrument som ble...borte?! sammen med engangskamera
gaffa
pantsamler gå væk
Det er så mykje meir som burde nemnast men det får holde med eit lite minne om en fange tapa fast i ein stol som velta...

søndag 22. juni 2008

Det er den blå draumen


I dag gjekk eg meg ein tur då eg vart så altor rastlaus..det vart både ein meir spennande tur og ein lengre tur enn eg hadde venta.

Det heile starta mellom postkassa og huset der eg tok meg sjlølv i å måpe av undring og begeistring, for eg såg noko i den grønne lyngen, eg åt det og såg nedover på meg sjølv..blå sko, blå bukse, blå genser, blått skjerf, blå hue, blå auge og jommen det blå tunge og gitt..

JA!! dei første blåbæra har kome til bygda og eg er glad for det..

Dette var og ein tur for tankar; Det første eg tenkte var eg er eit blåbær på blåbærtur og eg fekk lyst å sjå charlie og den store sjokoladefabrikken

Eg gjekk gjennom ein vakker eventyrskog, forbi mange skeive tre, og til og med nokre som var forma som ein stor A, og så mykje surblad har eg alldri sett før i heile mitt liv. Nydelig var det, ja nydeleg det var..også benken som heite bestemorbenken var nydeleg.

Eit anna spørsmål som banka på var kor eg kunne finne fleir blåbær enn med postkassa? Det viste seg å ikkje vere så mange stader men eg vart tatt på fersken av ein hund med sin mann idet eg fann dei som var på vegen inn mot ei viss taubaneløype.

Eg fekk tid til å innstille hjernen min på eit år i alta og, eg lurte på kvifor eg synest det er så morosamt når voksne menn går tur ilag(?)

Sjølv om alt er grønt og skjønt så såg eg kjempemange blå ting m.a; meg, blåbær, lastebil, hus, skilt, eit par søte små blå sykkelgutar, ledning, fjell, ja eg kan nevne i fleng.

Med ein viss 90-talls-sang på hjernen tenkte eg mitt..


Og apropo glopperock så skal eg sei det svingte men snakk om oppmøte da mann..meir er det ikkje å sei om den saka..kan også vere vert å sjå på bilete frå glopperock..verkeleg..



onsdag 11. juni 2008

sommerkrim


då eg såg gjennom bileta frå helga sine utflukter til verdas vakraste strand oppdaga eg noko skummelt...nemmeleg bikinispøkelset