I dag gjekk eg meg ein tur då eg vart så altor rastlaus..det vart både ein meir spennande tur og ein lengre tur enn eg hadde venta.
Det heile starta mellom postkassa og huset der eg tok meg sjlølv i å måpe av undring og begeistring, for eg såg noko i den grønne lyngen, eg åt det og såg nedover på meg sjølv..blå sko, blå bukse, blå genser, blått skjerf, blå hue, blå auge og jommen det blå tunge og gitt..
JA!! dei første blåbæra har kome til bygda og eg er glad for det..
Dette var og ein tur for tankar; Det første eg tenkte var eg er eit blåbær på blåbærtur og eg fekk lyst å sjå charlie og den store sjokoladefabrikken
Eg gjekk gjennom ein vakker eventyrskog, forbi mange skeive tre, og til og med nokre som var forma som ein stor A, og så mykje surblad har eg alldri sett før i heile mitt liv. Nydelig var det, ja nydeleg det var..også benken som heite bestemorbenken var nydeleg.
Eit anna spørsmål som banka på var kor eg kunne finne fleir blåbær enn med postkassa? Det viste seg å ikkje vere så mange stader men eg vart
tatt på fersken av ein hund med sin mann idet eg fann dei som var på vegen inn mot ei viss taubaneløype.
Eg fekk tid til å innstille hjernen min på eit år i alta og, eg lurte på kvifor eg synest det er så morosamt når voksne menn går tur ilag(?)
Sjølv om alt er grønt og skjønt så såg eg kjempemange blå ting m.a; meg, blåbær, lastebil, hus, skilt, eit par søte små blå sykkelgutar, ledning, fjell, ja eg kan nevne i fleng.
Med ein viss 90-talls-sang på hjernen tenkte eg mitt..
Og apropo glopperock så skal eg sei det svingte men snakk om oppmøte da mann..meir er det ikkje å sei om den saka..kan også vere vert å sjå på bilete frå glopperock..verkeleg..